Efesos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Lydia under antikken
Amfiteatret i Efesos

Efesos var ein oldtidsby på vestkysten av Vesleasia. Han spela ei stor rolle både som handelsstad og som senter for religiøse festar.

Efesos var bygd nær munningen av elva Kaystros, ved foten av og i skråningane på fleire åsar. Byen låg såleis ved den viktigaste handelsruta mellom Roma og Orienten, som gjekk langs elva Kaystros. Frå byen var det vegsamband både nordover og sørover, noko som gjorde Efesos til eit vesleasiatisk knutepunkt mellom dei andre større byane i den dåverande greske provinsen Lydia.

Efesos vart truleg grunnlagt i det 11. hundreåret før Kristi fødsel. Frå 600-talet f.Kr. var byen ein gresk koloni. Kong Kroisos (Krøsus) rådde over staden midt på 500-talet f.Kr. og sette i gang bygginga av Artemistempelet, som stod ferdig på 400-talet f.Kr. Dette byggverket hadde ein sentral plass i dyrkinga av gudinna Artemis. Artemistempelet vart øydelagt av inntrengar to gongar, men begge gongane bygt oppatt. Til sist vart det rive og marmoren nytta til eit kyrkjebygg.

I tillegg til Artemistempelet var byen berømt for sitt bibliotek og teater. Amfiteatret var det største i den antikke verda, med plass til 25 000 tilskodarar. Også kampar mellom menneske og ville dyr vart arrangert her. I dag er ruinane av amfiteatret og biblioteket eit mykje besøkt turistmål.

Byen Efesos gjekk til grunne på 500-talet. Det vert forklart med at elva Kaystros la att store mengder slam i hamna, som til sist gjorde ho ubrukeleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]