Egáleo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Egáleo i Aten
Egáleo
Αιγάλεω
fjell
Kypseli, Athens - view from Lofos Elikonos.jpg
Land Flag of Greece.svg Hellas
Område Sør i Attikí
Høgd 469 moh.
Koordinatar 38°0′N 23°42′EKoordinatar: 38°0′N 23°42′E

Egáleo (gresk Αιγάλεω), òg kalla Aigaleo og Aegaleo, er eit fjell i Hellas. Det ligg vest for Athen, søraust for Elevsína, aust for øya Salamína og nordvest for Pireus. Nordsida av fjellet er dekt av skog, der klosteret Dafní ligg. Ein park ligg òg på nordsida av fjellet.

Fjellet gjev eit flott utsyn over Salamínabukta og var staden der Xerxes hadde trona si. Frå her observerte han slaget ved Salamis.

Av stader rundt fjellet finn ein Pérama, Pireus, Drapetsóna, Níkea, Korydallós og Khaidári. Athen metro er no forbunde til området etter at ein stasjon opna her i 2002-2003.

I nord ligg Skaramagás med skipsverft og oljeraffineri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]