Attikí
Attikí Περιφέρεια Αττικής | |
---|---|
![]() | |
Land: | Hellas |
Hovudstad: | Aten |
Periferieiningar: | Sentral-Aten Nord-Aten Vest-Aten Sør-Aten Pireus Øyane Vest-Attikí Aust-Attikí |
Folketal: | 3 828 434 (2011[1]) |
Areal: | 3 808 km² |
Folketettleik: | 1 005 /km² |
Heimeside: | www.attiki.gov.gr |
Attikí (gresk Αττική), òg kalla Attika, er ein av tretten periferiar i Hellas og inneheld Aten, hovudstaden i landet. Attikí omfattar dei tidlegare prefektura Aten, Pireus, Vest-Attikí og Aust-Attikí.
Attikí ligg sør i Hellas og har eit areal på 3 808 km². I tillegg til Aten ligg byane Pireus, Elevsína, Mégara, Lávrio og Marathónas (Marathon) i Attikí. Attikí omfattar òg ein liten del av halvøya Peloponnes og øyane Salamína, Angístri, Éjina, Póros, Ýdra, Spétses, Kýthira og Andikýthira. Oppunder 4 millionar menneske bur i periferien, og meir enn 95 % av dei bur i storbyområdet til Aten.
Attikí var tidlegare ein del av periferien Sentral-Hellas, men vart skild ut som eigen periferi i 1987. Han grensar mot Sentral-Hellas i nord og mot Peloponnes i vest og sør.
Periferieiningar og kommunar[endre | endre wikiteksten]
Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Attikí delt inn i åtte periferieiningar som omfattar 66 kommunar.[2]
Periferieining | Innbyggjarar | Kommunar |
---|---|---|
Sentral-Aten | 1 029 520 | Filadélfia-Khalkidóna, Galátsi, Aten, Zográfou, Kesarianí, Výronas, Dáfni-Ymittós, Ilioúpoli |
Nord-Aten | 592 490 | Kifisiá, Metamórfosi, Lykóvrysi-Pévki, Iráklio, Maroúsi, Pendéli, Vrilíssia, Khalándri, Ajía Paraskeví, Néa Ionía, Filothéi-Psykhikó, Papágou-Kholargós |
Vest-Aten | 489 675 | Khaidári, Petroúpoli, Áji Anárjyri-Kamateró, Ílio, Peristéri, Ajía Varvára, Egáleo |
Sør-Aten | 529 826 | Moskháto-Távros, Kallithéa, Paleó Fáliro, Néa Smýrni, Ájos Dimítrios, Álimos, Ellinikó-Arjyroúpoli, Glyfáda |
Pireus | 448 997 | Pérama, Keratsíni-Drapetsóna, Korydallós, Níkea-Ájos Ioánnis Réndis, Pireus |
Øyane | 74 651 | Salamína, Angístri, Éjina, Póros, Trizinía, Ýdra, Spétses, Kýthira |
Vest-Attikí | 160 927 | Mégara, Mándra-Idýllia, Elevsína, Asprópyrgos, Fylí |
Aust-Attikí | 502 348 | Oropós, Akharnés, Diónysos, Marathónas, Rafína-Pikérmi, Pallíni, Spáta-Artémida, Peanía, Markópoulo, Kropía, Vári-Voúla-Vouliagméni, Saronikós, Lavreotikí |
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Attikí er ei halvøy som stikk ut i Egearhavet. Av fjell finn ein Ymittós, dei austlege delane av Jeránia, Párnitha, Egáleo og Pendéli. Dei deler halvøya inn i slettene Mesójia og Thriásio Pedío. I nord grensar Attikí til Viotíasletta og i vest til Korint. Saroniabukta ligg i sør og øya Évvia ligg utanfor nordkysten. Aten sitt eldste vassreservoar, Marathonsjøen, ligg om lag 40 km nordaust for byen, og opna i 1920-åra. Sidan den gong har reservoaret vore den største innsjøen i Attikí. Skogar dekkjer områda rundt Párnitha, Ymittós og på åsane og i fjella i nordaust og nord, bortsett frå dei høgaste toppane. Fjella i vest og sør er hovudsakleg graskledd eller berre, men ein kan òg finne noko skog her.
Kifisós er den lengste elva og Párnitha det høgaste fjellet i Attikí. Periferien har parkområde i Ymittós-, Pendéli- og Párnithafjella og i dei sørlege områda av halvøya.
I følgje Platon var Attikí i antikken avgrensa av Korinteidet i sørvest, og nordover strakk ho seg til fjella Kitherónas og Párnitha. Grensa herfrå mot sjøen hadde området Oropós til høgre og elva Asopós til venstre.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Attikí har eit typisk middelhavsklima med varme og tørre somrar og generelt lite nedbør. Den årlege nedbørsnormalen varierer frå 370 mm til over 1 000 mm. Vintrane er generelt milde i lågtliggande område nær sjøen, men er meir kjølige i fjella. Snø kan stundom falle i Attikí og skape kaos, som i januar 2002, februar 2004 og januar 2006. Den lågaste temperaturen som er målt i området er -10,4 °C i Votanikós i Aten, medan den høgaste temperaturen som er målt vart målt ved flyplassen Tatói og var på 48,7 °C. Skogbrannar og flaum er vanleg.
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og tettstadene i periferien er:
1 Til byområdet for Aten er rekna dei fire periferieiningane Sentral-Aten, Nord-Aten, Vest-Aten og Sør-Aten, i alt 35 kommunar.
2 Til byområdet for Pireus er rekna periferieininga Pireus, i alt 5 kommunar.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Attica frå Engelsk Wikipedia .
Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta |