Egil Flemming Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Flemming Johansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. april 1962
Oslo
Død

19. september 2023 (61 år)
Oslo

Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1984

Egil Flemming Johansen (fødd 30. april 1962) er ein tidlegare fotballspelar frå Oslo. Han vart seriemeister med Vålerengen IF i 1983 og 1984. Åra 1984-87 spelte han 12 kampar med det norske flagget på brystet. Johansen var vengspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Johansen var aktiv i Bøler IF til 1982. Sidan var han Vålerengen-spelar frå 1983 til 1987, oslolaget si gylne epoke. Johansen og Vålerengen vann 1. divisjon 1983, men måtte tole tap i NM-finalen mot Moss. Året etter forsvarte Vålerengen-mannskapet seriemeistertittelen. Hausten 1985 nådde Vålerengen NM-finalen på ny, i finalen var Lillestrøm SK klart best og sigra 4–1.

Vinteren 1988 spelte Johansen for den belgiske klubben Beveren fram til april. Han bidrog til at klubben unngikk nedrykk etter ein svak sesongstart. Frå sesongstarten 1988 i Noreg ut 1989-sesongen spelte Johansen tredjedivisjons-fotball for Frigg. Sesongane 1990 og -91 atter i Vålerenga, før han gjekk til moderklubben Bøler på nivå 4 i seriesystemet.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Johansen fekk sin landslagsdebut 20. juni 1984 på Laugardalsvöllur i Reykjavik. Her skåra han sitt einaste landslagsmål, eit mål som syrgde for norsk siger 1–0. Deretter var han med i alle tre OL-kampane til Noreg under Sommar-OL 1984. Fram til 12. august 1987 deltok han i totalt 12 landskampar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1983 og 1984 for Vålerengen IF
  • NM-finalist: 1983 og 1985 for Vålerengen IF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]