Eidsbygda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidsbygda
stad
Eidsbygda sett frå Rødvensfjorden i nord
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Rauma
Postnummer 6350 EIDSBYGDA
Preposisjon i Eidsbygda
Kart
Eidsbygda
62°35′12″ N 7°29′41″ E
Wikimedia Commons: Eidsbygda (Rauma)

Eidsbygda er ei lita bygd som ligg på nordsida av Romsdalsfjorden mellom Åndalsnes og Åfarnes.

Tidlegare utgjorde Eidsbygda, saman med Gjerdsetbygda og Torvik, kommunen Eid, men etter kommunesamanslåinga 1. januar 1964 vart bygda ein del av Rauma kommune med Åndalsnes som kommunesenter.

I Eidsbygda bur det om lag 160 personar. Bygda har frå gamalt av vore ei gunstig for jord- og skogbruk, men talet på aktive bønder har gått noko ned gjennom tidene. Geografisk ligg bygda gunstig til for pendling til arbeidsplassar i Åndalsnes eller Molde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]