Eidsfjorden i Askvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°22′53.443″N 5°6′26.788″E

Eidsfjorden
fjord
Land Flag of Norway.svg Noreg

Eidsfjorden i Askvoll
61°22′53″ N 5°6′27″ E

Eidsfjorden er ein fjordarm av Stongfjorden i Askvoll kommune i Vestland fylke. Fjorden strekkjer seg 3,5 km sørover.

Eidsfjorden har innløp mellom Holmen ved garden Halsane på vestsida og Korsneset på austsida. I botn av fjorden ligg Eidsvika og garden Nordeidet. Frå her er det berre 500 meter over eidet til Kylleren, ein liten poll på nordsida av Dalsfjorden.

Riksveg 609 går langs austsida av fjorden. Sidene av fjorden er forholdsvis bratte og høge. Vestsida er om lag 400 meter høg, mens Langeberget på austsida stig til over 600 meter over havet.