Eidsfjorden i Farsund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eidsfjorden er ein fjordarm av Listafjorden i Farsund kommune. Han har innløp ved Elleholmane mellom Varnes og Filleholmen. Fjorden ligg på nordsida av Lista og strekker seg 4 km austover. Den inste delen av fjorden er langt smalare enn resten og vert kalla Indre Pollen. Han er om lag 1,5 km lang.

Fleire små grender ligg langs fjorden, hovudsakleg på Listasida. På nordsida finn ein Skomvoll, inst i fjorden ligg Duvoll og utover på sørsida ligg Knutstad, Sigersvoll, Elle og Vigan.

Nord for innløpet ligg innløpet til Fedafjorden og Strandsfjorden.