Eiger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eiger
fjell
Nordveggen på Eiger
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 970 moh.
Primærfaktor 356 m ↓ Mönch
Koordinatar 46°34′39″N 8°0′19″E
Lettast tilkomst grunnleggande fjell/snø/isklatring
Førstestiging Christian Almer
 - dato 11. august 1858
Kart
Eiger
46°34′39″ N 8°0′19″ E
Wikimedia Commons: Eiger

Eiger er eit 3 970 meter høgt, særmerkt fjell i Bern-Alpane. Fjellet er den austlegaste fjelltoppen på ein fjellrygg som strekker seg vidare til Mönch og over skardet Jungfraujoch til Jungfrau. Fjellet er nemnd i skrifter datert til 1200-talet.

Toppen av Eiger vart nådd fyrste gongen av dei sveitsiske fjellførarane Christian Almer og Peter Bohren saman med iren Charles Barrington. Dei klatra opp vestsida den 11. august 1858.

Den i kring 1 800 meter høge, stupbratte nordveggen på Eiger har sidan 1935 vore eit mykje søkt mål for skarpklatrarar. Dei to første klatreturane, i 1935 og 1936, enda med at alle klatrarane mista livet. 1936-ekspedisjonen var særleg dramatisk, då det vart gjort forsøk på å berge dei fire klatrarane. I 2005 vart det laga ein spelefilm som rekapitulerte både klatreturen og bergingsekspedisjonen. Eit klatrelag beståande av to tyskarar og to austerrikarar lukkast som dei første å klive nordveggen til topps 24. juli 1938.

Jarnbanen Jungfraubahn går i ein tunnel inne i Eiger, der to stasjonar gjev utsyn gjennom vindauge i fjellsida. Jarnbanen endar opp i fjellskardet Jungfraujoch, med den høgstliggjande jarnbanestasjonen i Europa.

I juli 2006 rausa ei bergnase ut på austsida av Eiger. Om lag 700 000 kubikkmeter stein fall ned i eit aude og folketomt område.

Frå venstre: Eiger, Mönch og Jungfrau sett frå Thunersee

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]