Bern-Alpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bern-Alpane
fransk Alpes bernoises, tysk Berner Alpen
Fjellkjede
BerneseAlps.jpg
Eiger, Mönch og Jungfrau
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kantonar Bern, Vaud, Fribourg, Valais, Luzern, Uri, Nidwalden
Grensar til Chablais-Alpane, Wallis-Alpane, Dei lepontinske Alpane, Urner-Alpane
Høgaste punkt Finsteraarhorn
 - høgd 4 274 moh
 - koordinatar 46°32′19″N 8°07′38″E
Dei sentrale Alpane
Dei sentrale Alpane
Wikimedia Commons: Bernese Alps
Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn (før 2007-utvidinga)

Bern-Alpane omfattar fleire fjellkjeder i dei vestlege delane av Alpane, i Sveits. Sjølv om ein større del av fjella ligg i Berner Oberland-regionen av kantonen Bern, ligg delar av Bern-Alpane i dei tilstøytande kantonane Valais, Luzern, Obwalden, Fribourg og Vaud. Dei siste går ofte under nemningane Fribourg-Alpane og Vaud-Alpane, høvesvis.

Rhône-dalen skil Bern-Alpane frå Chablais-massivet i vest, og frå Wallis-Alpane i sør. Den øvre delen av Rhône-dalen skil dei frå Lepontin-Alpane i søraust, medan Grimselpasset og Aar-dalen skil dei frå Uri-Alpane i aust. Nordgrensa for Bern-Alpane er mindre klar, men kan seiast å liggje på ei line mellom Genfersjøen og Vierwaldstättersjøen.

Bern-Alpane er nedbørsfelt til elva Aar og bielva Saane i nord, og til elvane Rhône i sør og Reuss i aust.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Ryggrada i Bern-Alpane er ei 100 km lang fjellkjede som strekker seg frå vest (Dent de Morcles) til aust (Sidelhorn) langs grensa mellom kantonane Bern (nord) og Valais (sør). Bortsett frå den aller vestlegaste delen, er denne grensa vasskilje mellom Nordsjøen og Mellomhavet. Denne ryggrada ligg ikkje midt i fjellkjeda, men ligg nær (10-15 km) Rhône-elva i sør. Av den grunn er det stor skilnad mellom landskapa på sørsida og nordsida. På sørsida fell sidedalane bratt ned mot Rhône-dalen, i nord vert fjella gradvis lågare til dei går over i åslandskapet på det sveitsiske platået eller i innsjøane Thunsjøen og Brienzsjøen i aust.

Vest for Gemmipasset består fjellkjeda i hovudsak av nokre få og høge toppar (så som Wildhorn), litt over 3000 moh, ofte dekt av isbrear. Fjellkjeda vider seg mykje ut i dei austlege delane, med fjelltindar på over 4000 meter. Dette er elles den delen av Alpane som har flest brear, store og små.

Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn[endre | endre wikiteksten]

Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn-området ligg i dei austlege delane av Bern-Alpane, i den mest bredekte delen av Alpane. Aletschgletscher, dei to fjelltoppane Jungfrau og Bietschhorn er særlege attraksjonar å skode. Området vart i 2001 teke med på verdsarvlista til UNESCO. I 2007 vart området utvida og fekk namnet Schweizer Alpen Jungfrau-Aletsch. Etter utvidinga er fleire store brearmar, som Fieschergletscher og Aargletscher, omfatta av UNESCO-lista.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Eiger, Mönch and Jungfrau
Eismeer
Lauterbrunnental
Grünhorn
Rottal
'Toppen av Europa-anlegget', Jungfraujoch

Dei høgste toppane i Bern-Alpane:

Namn Høgd (moh)
Finsteraarhorn 4 274
Aletschhorn 4 192
Jungfrau 4 158
Mönch 4 107
Schreckhorn 4 078
Gross Fiescherhorn 4 049
Grünhorn 4 043
Lauteraarhorn 4 042
Hinter Fiescherhorn 4 025
Gletscherhorn 3 983
Rottalhorn 3 972
Eiger 3 970
Äbeni Flue 3 962
Agassizhorn 3 946
Bietschhorn 3 934
Trugberg 3 933
Klein Grünhorn 3 913
Gross Wannenhorn 3 906
Klein Fiescherhorn 3 895
Mittaghorn 3 892
Fiescher Gabelhorn 3 876
Nesthorn 3 822
Dreieckhorn 3 811
Schinhorn 3 797
Breithorn ved Lötschental 3 785
Breithorn (Lauterbrunnen) 3 779
Grosshorn 3 754
Sattelhorn 3 745
Mittelhorn 3 704
Balmhorn 3 698
Silberhorn 3 695
Wetterhorn 3 692
Rosenhorn 3 689
Blüemlisalp 3 664
Bärglistock 3 656
Doldenhorn 3 643
Altels 3 629
Tschingelhorn 3 562
Gspaltenhorn 3 436
Fründenhorn 3 369
Gross Hühnerstock 3 348
Ewigschneehorn 3 329
Ritzlihorn 3 282
Wildhorn 3 248
Wildstrubel 3 243
Les Diablerets 3 210
Wellhorn 3 191
Mättenberg 3 104
Löffelhorn 3 095
Grand Muveran 3 051
Sparrhorn 3 021

Isbrear[endre | endre wikiteksten]

Dei største isbreane:

Fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste fjellovergangane i Bern-Alpane er:

Fjellovergangarstadtypehøgdenivå
Lauitor Lauterbrunnen til Eggishorn snø3700 m
Mönchjoch Grindelwald til Eggishorn snø3560 m
Jungfraujoch Wengernalp til Eggishorn snø3470 m
Strahleggpasset Grindelwald til Grimselpasset snø
Grünhornlücke Aletschgletscher til Fiescherbreen snø3305 m
Oberaarjoch Grimsel til Eggishorn snø3233 m
Gaulipasset Grimsel til Meiringen snø3206 m
Petersgrat Lauterbrunnen til Lötschental snø3205 m
Lötschenlücke Lötschental til Eggishorn snø3204 m
Lauteraarsattel Grindelwald til Grimsel snø3156 m
Beichgrat Lötschental til Belalp snø3136 m
Lammernjoch Lenk til Gemmi snø3132 m
Triftlimmi Rhonebreen til Gadmental snø3109 m
Sustenlimmi Stein Alp til Göschenen snø3103 m
Gamchilucke Kiental til Lauterbrunnen snø2833 m
Tschiugelpasset Lauterbrunnen til Kandersteg snø2824 m
Hohtürlipasset Kandersteg til Kiental sti 2707 m
Lötschenpasset Kandersteg til Lötschental snø2695 m
Sefinenfurgge Lauterbrunnen til Kiental sti 2616 m
Wendenjoch Engelberg til Gadmental snø2604 m
Furtwangsattel Guttannen til Gadmental sti 2558 m
Furkapasset Rhônebreen til Andermatt veg 2436 m
Rawilpasset Sion til Lenk im Simmental rideveg 2415 m
Gemmipasset Kandersteg til Leukerbad rideveg 2329 m
Surenenpasset Engelberg til Altdorf sti 2305 m
Sustenpasset Meiringen til Wassen veg 2262 m
Sanetschpasset Sion til Saanen rideveg 2234 m
Jochpasset Meiringen til Engelberg rideveg 2215 m
Grimselpasset Meiringen til Rhonebreen veg 2164 m
Kleine Scheidegg Grindelwald til Lauterbrunnen sti, jernbane 2064 m
Col de Cheville Sion til Bex rideveg 2049 m
Grosse Scheidegg Grindelwald til Meiringen rideveg 1967m
Col de Jaman Montreux til Montbovon rideveg
jernbanetunnel
1516 m
Brünigpasset Meiringen til Luzern veg, jernbane 1035 m

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°25′N 7°45′E