Eikelandsfjorden i Fusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°14′14.118″N 5°39′41.011″E Eikelandsfjorden er ein 6,5 km lang fjordarm av Fusafjorden og Bjørnafjorden i Fusa kommune i Hordaland. Kommunesenteret Eikelandsosen ligg inst i fjorden.

Fjorden har innløp mellom Stølsneset ved Gjerdavik, nord for bygda Fusa, i søraust og Altanesodden i nordvest. Vest for Altaneset ligg Ådlandsfjorden. På nordsida av fjorden ligg bygdene Havskår og Helland, og på sørsida ligg Bergegrend. Eikelandsfjorden har nokre få holmar: Austestadholmane ved Austestad, ein holme ved Bergegrend og Havskårholmen ved Havskår.