Bjørnafjorden kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørnafjorden kommune
kommune
Lysehornet utsikt mot øst.JPG
Kommunelogo
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Osøyro
Areal 517,41 km²
 - land 487,58 km²
 - vatn 29,83 km²
Folketal 24 908 (1. januar 2020)
Målform nynorsk
Ordførar Trine Lindborg (Ap)
Kommunenr. 4624

Bjørnafjorden kommune
60°12′ N 5°42′ E
NO 4624 Bjørnafjorden.svg
Nettstad: bjornafjorden.kommune.no

Bjørnafjorden kommune er ein kommune i Vestland fylke som vart skipa den 1. januar 2020, då dei tidlegare kommunane Os og Fusa slo seg saman.[1] Bjørnafjorden grensar til Bergen og Samnanger i nord, Kvam i aust, Kvinnherad og Tysnes i sør og Austevoll i vest.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen ligg nord for hovudarmen av Bjørnafjorden. Fusafjorden, som etter kvart deler seg i Eikelandsfjorden, Ådlandsfjorden og Samnangerfjorden, deler kommunen i ein austleg og ein vestleg del.

Bjørnafjorden kommune har ei kystline på 355,3 km.[2]

Det høgste fjellet i kommunen er Tveitakvitingen på grensa til Samnanger og Kvam, som strekkjer seg 1299 meter over havet.[3] Skogseidvatnet aust i kommunen er den største innsjøen i areal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Forskrift om sammenslåing av Fusa kommune og Os kommune til Bjørnafjorden kommune, Hordaland. Henta den 6.1.2020.
  2. «Tal og fakta om Bjørnafjorden kommune», bjornafjorden.kommune.no, henta 10. januar 2020 
  3. «Tal og fakta om Bjørnafjorden kommune», bjornafjorden.kommune.no, henta 6. januar 2020 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.