Eiken sokn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eiken kyrkje

Eiken er eit kyrkjesokn i Lister prosti i Agder og Telemark bispedøme i Den norske kyrkja.[1] Soknet svarer til nordre delen av Hægebostad kommune, og var til prestegjeldsordninga vart avvikla i 2004 del av Hægebostad prestegjeld.[2] Soknekyrkje er Eiken kyrkje i grenda Eiken.[3] Kyrkjestaden ligg på ein tange som stikk ut i innsjøen Lygne og det har vore kyrkje der sidan mellomalderen.[4] Dagens kyrkje er frå 1817[3], den førre var frå 1671.[2]

Soknet har namn etter garden Eiken der kyrkja ligg.

Området var frå 1916 til 1962 eigen kommune, sjå Eiken kommune.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Eiken menighet»». Nettstaden til Den norske kyrkja. Henta 8. september 2013. 
  2. 2,0 2,1 Per Tang (1951). «Eiken». I Arnulv Sudman. Norsk Allkunnebok III. Oslo: Fonna. s. 721-722.  [sidetalet viser til kolonnetal (to kolonnar pr. side)]
  3. 3,0 3,1 ««Eiken kirke»». kyrkjesøk.no (Kyrkjebyggdatabasen). Henta 8. september 2013. 
  4. ««Eiken kyrkje»». kulturminnesok.no (Riksantikvaren). Henta 7. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]