Eikeren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eikeren
innsjø
Eikeren-vvsm.jpg
Eikeren
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken, Vestfold og Telemark
Kommunar Øvre Eiker, Holmestrand
Høgd over havet 19 moh.
Areal 27,02 km²
Største djupn 157 m
Volum 2,5 km³
Kystlengd1 43,27 km
Koordinatar 59°39′59″N 09°54′44″EKoordinatar: 59°39′59″N 09°54′44″E
Map
Eikeren
59°39′59″ N 9°54′44″ E
Wikimedia Commons: Eikeren
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Eikeren eller Eikern er ein lang og djup innsjø i kommunane Holmestrand i Vestfold og Telemark fylke og Øvre Eiker i Viken fylke. Han er den største innsjøen i Vestfold (om ein reknar med delen som ligg i Buskerud).

Ved den austlege delen i Vestfold ligg tettstaden Eidsfoss. I denne delen strøymer vatn inn frå Bergsvann, Vikevann, Haugestadvann og Hillestadvann. Eikeren får òg vatn frå Hakavikelva og Steinbruelva.

I den vestlege delen heng Eikeren saman med Fiskumvannet i eit trongt sund, Sundet, der vatnet renn over i Fiskumvannet. Gjennom dette sundet passerer det eit volum på gjennomsnittleg 7 m3 per sekund. Frå Fiskumvannet renn vatnet ut i Vestfosselva mot Vestfossen. Elva går så vidare til Hokksund, der ho deler seg i to elveløp som begge renn ut i Drammenselva.

I 2005 vart Eikeren opna av Vestfold Interkommunale Vannverk, VIV, som ekstra drikkevasskjelde for Vestfold.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]