Ein musikalsk spøk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein musikalsk spøk
K. 522
Divertimento av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOrkestermusikk
PeriodeWienerklassisismen
Komponert14. juni 1787
Typisk lengd20:28
Satsar/akter4
ToneartF-dur

Ein musikalsk spøk (tysk Ein musikalischer Spaß) K. 522, (Divertimento for to horn og strykekvartett) er eit klassisk verk av Wolfgang Amadeus Mozart. Komponisten skreiv dette inn i hans Verzeichnis aller meiner Werke den 14. juni 1787. Musikken var med vilje skriven for å vere morosam, som ein særs påtrengande klossete, mekanisk og overrepeterande komposisjon, med passasjar som vart skrivne for å etterlikne effektane av unøyaktig nedskrivne notar og dårleg framføring.[1]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket består av fire satsar:

  1. Allegro. (i sonateform)
  2. Menuetto og Trio.
  3. Adagio cantabile.
  4. Presto. (Sonate-rondo-form)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stanley Sadie: 'Wolfgang Amadeus Mozart', The New Grove dictionary of Music and Musicians (London, 1980)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]