Einar Enger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Enger
Fødd 16. august 1950
Yrke agronom, forretningsdrivande
Einar Enger på Commons

Einar Enger (fødd 16. august 1950) er ein norsk næringslivsleiar som har vore direktør for NSB og Tine BA og styreleiar for Felleskjøpet.

Enger er utdanna agronom ved Landbrukshøgskulen på Ås og arbeidde innanfor Landbrukssamvirket før han vart direktør i NSB i 2001. Han var direktør i Tine BA frå 1995 til 2001 og har arbeidd i leiinga i Fellesmeieriet og Gilde.

Enger blei direktør i NSB etter Osmund Ueland i 2001. 17. november 2010 blei det gjort kjend at Enger skulle gå av som konsernsjef i NSB.[1] På årsmøtet til Felleskjøpet i april 2011 blei han vald som ny styreleiar etter Steinar Dvergsdal.[2]

12. august 2011 blei Enger utnemnd til medlem av 22. juli-kommisjonen i statsråd.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Einar Enger går av i NSB, vg.no
  2. Bjarne Bekkeheien Aase (7. april 2011). «Einar Enger valt til styreleiar i Felleskjøpet Agri». Nationen. Henta 25. januar 2015. 
  3. Offisielt fra statsråd 12. august 2011, regjeringen.no. Besøkt 12. august 2011.