Tine BA
| Tine BA | |||
| | |||
| Org.form | Samvirkeforetak | ||
|---|---|---|---|
| Org.nr. | 947942638 | ||
| Skipa | 10. november 1928 | ||
| Dotterselskap | Diplom-Is | ||
| Hovudkontor | Moelv | ||
| Land | Noreg | ||
| Salsinntekter | 1 992 000 000 norsk krone (2020)[1] | ||
| Omsetnad | 1 992 000 000 norsk krone (2020)[1] | ||
| Nettstad | https://tine.no (norsk) | ||

TINE BA er morselskapet i samvirkekonsernet TINE Gruppa som òg er eigar av varemerket Tine. Kjerneverksemda er produksjon og sal av mjølk, ost og andre meieriprodukt i Noreg og i utlandet.
TINE Gruppa består av mange heil- og deleigde dotterselskap, med ialt 5 353 tisette og ei årleg omsetjing på 14,7 milliardar kroner. Som eit samvirkeføretak er TINE BA eigd av om lag 18 000 mjølkeprodusentar over heile landet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Grunnlaget for meierisamvirket i Noreg vart lagt i Nord-Østerdalen i 1881. Då gjekk dei fleste meieria i området saman i éin organisasjon uner namnet «Meieriforeningen». Dette første varige organisatoriske meierisamarbeidet på landsbasis er rekna som starten på TINE. Ein forløpar for dette meierisamvirket var Rausjødalen meieri i Tolga, som var i drift frå 1856 til 1858.[2]
Selskapet var etablert i 1928 som «Norske Meieriers Eksportlag». Frå 1942 skifta selskapet namn til «Norske Meieriers Salgssentral» og frå 1984 «Norske Meierier». TINE vart teke i bruk som varemerke for meierisamvirket i 1992.
TINE er ei av 15 landsdekkande samvirkeorganisasjonar som er medlem av interesseorganisasjonen Norsk Landbrukssamvirke. Landbrukssamvirket har i etterkrigstida spela ei nøkkelrolle ved gjennomføringa av den norske landbrukspolitikken.
Regionale meieriselskap og dotterselskap
[endre | endre wikiteksten]- TINE Meieriet Nord BA
- TINE Meieriet Øst BA
- TINE Meieriet Sør BA
- TINE Meieriet Vest BA
- TINE Midt-Norge BA
Konsernet eig desse dotterselskapa:
- Norseland Inc.
- Small People AS
- FellesJuice AS
- Diplom-Is AS
- Ostecompagniet AS
- Maritex AS
Tine har i tillegg mindre eigardelar i ei rad andre selskap.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Årsraport 2020» (PDF). Tine. Henta 10. juni 2021.
- ↑ Rausjødalen setermeieri
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- tine.no. Offisiell nettstad.