Einar Olav Skogholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Olav Skogholt
Fødd 18. desember 1947
Nord-Odal
Yrke politikar

Einar Olav Skogholt (fødd 18. desember 1947) er ein norsk politikar frå Nord-Odal.

Skogholt var son til ein bygningsarbeidar og småbrukar. Etter handelsskule fekk han seg arbeid på kontoret til Nord-Odal kommune i 1966 og arbeidde der i fem år. Frå 1972 til -77 var han ordførar i Nord-Odal, og deretter rådmann i kommunen frå 1978 til 1987.

Elles var Skogholt leiar i Nord-Odal Samorg 1968-71, styreformann i Glåmdal Samvirkelag 1974-86 og i Odal Sparebank 1978-90. Frå 1980 til -87 var han også styreformann for Hedmark Sentralsykehus på Elverum. 1988-89 styremedlem i Kommunenes Sentralforbund.

Skogholt representerte ArbeidarpartietHedmark fylkesting 1988-89. Hausten 1989 vart han vald inn på Stortinget frå Hedmark. Etter attval i 1993 og 1997 vart han verande på Stortinget til 2001. På Tinget var han medlem i Sosialkomiteen 1989-90, Landbrukskomiteen 1990-93, Næringskomiteen 1993-97 og atter Sosialkomiteen 1997-2001. Frå 1988 til -98 var han landsstyremedlem i Arbeidarpartiet.

Etter tida på Stortinget har Skogholt drive ulike, dels sjølveigde små firma, og hatt ei rekke inntektsgjevande styreverv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]