Einar Sagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Kristofer Sagen
Fødd1871
FødestadOslo
Død1948
YrkeOffiser
Truskap Noreg
Våpenart Hæren
RangMajor

Einar Kristofer Sagen (18711948) var ein norsk målmann, offiser og forfattar fødd i Oslo.

Sagen utdanna seg til offiser og vart utnemnd til major i 1918. Sagen var svært kritisk til forsvarspolitikken som vart ført av arbeidarpartiregjeringa, og peika på faren for tysk åtak etter 1934 dersom ikkje Forsvaret vart sterkare. Han var ein ihuga målmann og underviste i nynorsk på Krigsskulen frå 1932. Han tok avskil frå Hæren i 1936.

Sagen skreiv Skytebok for gutar i by- og landsskular (1910), omsette Soldatens Bok - Hermannsboki (1913) og gav ut Militær ordliste med nynorsk tyding (1932). I 1936 publiserte han forsvarsbrosjyren Då krigen kom. Noregsveldets endelege undergang, som tydeleg varsla om det som kom til å henda den 9. april 1940. I 1945 gav han ut Noregs undergang og attreising der han drog fram alle dei mistaka Nygaardsvoldregjeringa hadde gjort på forsvarsfeltet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]