Eininga anker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Anker er eit gammalt rommål for væsker. I Noreg var ein anker rekna lik 40 pottar, tilsvarande 38,6038 liter, men storleiken har variert gjennom tidene og mellom ulike distrikt. Det gjekk seks anker i eit oksehovud. I andre land varierte storleiken mellom kring 32 og 45 liter.

Ordet har opphav i mellomalderlatin anceria som tyder 'lite kar' og anker vart òg nytta om ei mindre tønne eller tønneliknande behaldar (mellom anna til vin).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]