Eininga mål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eininga mål vert bruka for å rekne landareal, i dag likt 1000 m².

Eit gammalt norsk mål[endre | endre wikiteksten]

Frå gammalt av var eit mål ei kvart tønne land, det vil seie det landområdet ein kunne så til med ein kvartel såkorn. Kor stort landområde dette tilvarte, varierte over landet, frå 500 til 2000 kvadratmeter.

Ved lov av 6. juni 1816 vart det fastsett at eit mål var 2500 kvadratalen, det vil seie om lag 984 .

I 1875 vart meterkonvensjonen gjeldande i Noreg. Ved lov av 12. mai 1875 om metrisk mål og vekt vart det vedteke at kvadratmeteren skulle vere grunneininga for flatemål, og 100 kvadratmeter skulle kallast eit ar. Samstundes vart det bestemt at når gamle avtaler brukte nemninga mål, skulle dette reknast likt 10 ar, det vil seie eitt dekar.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]