Eiterfjorden i Nærøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eiterfjorden er ein fjordarm av Risværfjorden i Nærøy kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 12 km austover til Gravvik i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Eiternes i nord og Rødneset i sør. Sør for Rødneset går Rødsfjorden sørover. På sørsida av fjorden ligg Vågen og Djupvika med fleire gardsbruk. Gravvik ligg på eit eid mellom botn av Eiterfjorden og Gravvikvågen lenger nord. Ein liten poll kalla Lonet dannar den inste delen av Eiterfjorden. Over sundet inn til Lonet går Riksveg 771, som òg går langs dei indre delane av Eiterfjorden. Koordinatar: 64°58′13.800″N 11°41′45.514″E