Eivind Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eivind Kristoffer Eriksen (18. november 18938. august 1949) var ein norsk mekanikar frå Gjøvik, stortingsrepresentant 1945-49 for Vestfold og Arbeidarpartiet.

Eriksen var son til ein skomakarsvein. Sjølv gjekk han i unge år i lære på ein mekanisk verksted i heimbyen Gjøvik. Sidan arbeidde han ved Stavern motorverksted i 20 år og reiste i 10 sesongar som reparatør på kvalfangst i Sørishavet. Han var formann i Tønsberg-avdelinga av Norsk Sjømannsforbund og fastløna tillitsmann i Sjømannsforbundet i Tønsberg og Larvik i perioden 1938-40 og på ny 1945-49. Krigsåra 1940-45 var han tilsett på Henriksens mekaniske verksted i Tønsberg.

Hausten 1945 vart Eriksen vald til å representere Vestfold og Arbeidarpartiet på Stortinget, der han var medlem i Militærkomiteen. Han døydde i august 1949, få månader før tingperioden var ute.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]