Hopp til innhald

Eizo Kenmotsu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eizo Kenmotsu


Statsborgarskap Japan
Fødd 13. februar 1948 (76 år)
Okayama prefektur, Kurashiki
Idrett turn
Tok del i gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's pommel horse
Utmerkingar Æresmedalje med lilla band

Eizō Kenmotsu (fødd 13. februar 1948) er ein japansk tidlegare turnar som vart verdsmeister i mangekamp i 1970.

Kenmotsu vann gullmedalje med Japan i lagtevlinga under Sommar-OL 1968, Turn-VM 1970, Sommar-OL 1972 og Turn-VM 1974. I 1970 vann han mangekampen og svingstang-øvinga ved verdsmeisterskapen i Ljubljana. To år seinare, då dei olympiske sommarleikane vart avvikla i München, vart Kenmotsu andremann i mangekampen. I Turn-VM 1974 vart han tredjemann i mangekampen og tok han gull i skranke. Sidan fekk han med seg to sølvmedaljar frå Sommar-OL 1976 og like mange frå Turn-VM 1978. I sin siste internasjonale meisterskap, Turn-VM 1979, måtte Kenmotsu nøye seg den sølvmedaljen han fekk i lagtevlinga.