Enklave og eksklave

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ekslave)

I politisk geografi er ein enklave eit landstykke som er fullstendig omringa av eit og same utanlandsk område og ein eksklave er eit landstykke som høyrer til eit politisk område, men ikkje heng saman med det. Mange einingar er både enklavar og eksklavar, men dei to er ikkje synonym.

Tydingane til dei to orda er like, men ein eksklave er ikkje alltid ein enklave. Kaliningrad oblast er ein russisk eksklave, men grensar både til Litauen og Polen, og dessutan til Austersjøen. Llívia, derimot, er ein spansk enklave i Frankrike.