Ekstracellulærrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ekstracellulærrommet er det rommet som omgjev cella. Det ligg utanfor cellemembranen og er omgitt av væske. Rommet står i skilnad til intracellulærrommet, som er området innanfor cella. Omgrepet ekstracellulær blir òg brukt som eit adjektiv for å skildre noko som er inni cella.

Ekstracellulærrommet er samansett av metabolittar, ionar, ulike protein, DNA, RNA, feittceller og mikrobeprodukt. Hormon, vekstfaktorar, cytokin og kjemokin flyttar seg på tvers av extracellulærrommet for å feste seg på biokjemiske reseptorar som finst på cellene. Andre protein som er aktive utanfor cella er enzym, medrekna fordøyingsenzym som trypsin og pepsin, ekstracellulære proteinasar som matriksmetalloproteinasar, ADAMTS og katepsin, og antioksidantenzym som superoksiddismutase. Ofte blir proteina i ekstracellulærrommet lagra utanfor cella ved at dei festar seg til ulike komponentar i ekstracellulær matriks, til dømes kollagen og proteoglykan.[1] Proteolytiske produkt frå ekstracellulær matriks er også til stades i ekstracellulærrommet, særleg når veva gjennomgår remodellering.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Didangelos, A.; Yin, X.; Mandal, K.; Baumert, M.; Jahangiri, M.; Mayr, M. (2010). «Proteomics Characterization of Extracellular Space Components in the Human Aorta». Molecular & Cellular Proteomics 9 (9): 2048–2062. 
  2. Fleischhauer J, Lehmann L, Kléber AG (August 1995). «Electrical resistances of interstitial and microvascular space as determinants of the extracellular electrical field and velocity of propagation in ventricular myocardium». Circulation 92 (3): 587–94. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.