Elddans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dansande eldslukar
Eldspinnar med stav
Opptreden med eldkniv
Bruk av poi til elddans, fotografert med langtidseksponering.
Tradisjonelle snurrande elddansarar i Udaipur.
Elddansar med fakkel.

Elddans er ein type opptreden der ein bruker eld på ulike måtar. Han omfattar vanlegvis utstyr med ein eller fleire veiker som er utforma for å oppretthalde ein flamme som er stor nok til å skape ein visuell effekt. Det finst ulike former for elddans frå mange ulike kulturar rundtom i verda.

Elddans kan omfatta dugleikar som sjonglering eller bruk av drillstav, poi eller andre gjenstandar i rørsle. Han kan også omfatta kjennskap til eldsluking, flammeblåsing eller kroppsbrenning, som av og til blir gruppere som fakirdugleikar. Det finst ei rekkje måtar å opptre med eld på, med dans som er koreografert eller ikkje, med eller utan musikk, og som element av ei anna framsyning, til dømes som ein finale.

Dansar med eld i Houston i Texas

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei eldste omtalane av framsyning med eld er frå Simchat Beit HaShoeivah-seremonien under sukkot i den andre tempeltida til jødane i Jerusalem ca. år 10-70. Det blir sagt om rabbinaren Simeon ben Gamaliel at han under feiringa av vasshentinga tok han åtte flammande faklar og kasta dei opp i lufta – han kasta ein og fanga ein, og dei rørte aldri kvarande.[1]

Aztekarar utførte ein elddans vigd eldguden Xiuhtecuhtli.[2] I dag blir det dansa aztekiske elddansar for turistar i Mexico.

Bali har engeldansen og elddansen, som ofte blir framførte for turistar, også gammalt opphav. Dei oppstod frå eit transeritual kalla sanghyang, som blei utført for å halda vekke hekseri under epidemiar.[3] Dansen er også kjend som «hestedansen», og blir framført av menn som held stokkar som symboliserer hestar, og utfører hopp kring brennande kokosnøttskal og gjennom flammane.

Siddha-jatar frå Tharørkenen i India framfører tradisjonelle elddansar under vårfestivalen sin. Ein dansar til musikk frå trommer og behr. Menn kan også framføra ein dans der dei går på varm trekol som er att etter eit stort bål. Dei hoppar ut og inn av bålet og sparkar i det glødande kolet, slik at det oppstår mange gneistar. Kvinner kan dansa medan dei balanserer flammande tinnkrukker på hovudet. Også desse rituala blir ofte framførte for turistar.

Innan egyptisk dans er lysekroner med levande lys blitt brukt i zeffah-prosesjonar ved bryllaup frå tidleg 1900-tal. Den fyrste til å bruka slike lys skal ha vore Zouba El Klobatiyya.[4]

Det er også blitt dansa med eld blant polynesarar. Samoisk eldkniv oppstod av ein eldre knivdans (ailao) på 1900-talet. Sameleis blei maoriske poi-framsyningar, med ein ball på ein snor, utvikla til eldpoi.[5]

Moderne elddans[endre | endre wikiteksten]

I moderne tid er framføringar med eld og lys blitt populære sidan rundt midten av 1990-talet. Ein kan ha eldframsyning ar på rave-tilstellingar, nattklubbar, strandfestar og musikkfestivalar. Ein festival der bruk av eld til underhaldning er særskild er Burning Man i Nevada. Ein kan også opptre med forma på andre tilstellingar, som festar og gatemesser, og i samband med oppsending av fyrverkeri.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Elddans er blitt meir utbreidd etterkvart som det er utvikla ein større variasjon av elddansutstyr og undervisingsmetodar.

  • Tradisjonell elddans: Tradisjonelle framsyningar inneheld ofte polynesiske kostyme og andre kulturelle element. Mange følgjer retningslinene til eller er inspirerte av den årlege World Fireknife Competition og Samoa Festival.
  • Moderne elddans: Desse framsyningane har stor variasjon, frå presis koreografi til musikk til street style-show med ulike nivå av deltaking frå publikum. Dei kan bruka ei rekkje ulike eldøvingar og utstyr..
  • Rituelle opptredenar: Ei blanding av heidenske eller okkulte seremoniar med eld og elddans. Desse har mindre fokus på teknisk dugleik, og meir på bruk av eld for å markera ritualet eller representera elementet eld.
  • Eld- og magedans: Framsyningar som blandar magedans (raqs sharqi) med elddans. Til dømes kan dansarar bruka lyskroner, handflatefaklar eller eldsverd med form som krumsablar.
  • Eldsjonglørar kan kombinera sjonglering, eld og andre element, som komikk. Dette kan til dømes omfatta å setja fyr på seg sjølv på ulikt vis.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange typar utstyr som er spesielt utforma for elddans, som faklar, eldstavar, eldpoi, eldpiskar og eld-rockeringer.

  • Poi – eit par kjede med omtrentlegd lengd som ein arm med handtak festa i den eine enden, og ein bunt veikemateriale på den andre.
  • Stav – ei tre- eller metalltube med ei lengd på 1–2 meter med veikemateriale i ein eller begge endar.
  • Fakkel – Ei kølle eller kjegle med veike i ein ende, svinga som turnkjegler eller kasta som sjongleringskjegler
  • Eldkniv – kort stav med blad som veikemateriale er festa til. Eldknivar er blitt nytta i polynesisk elddans sidan 1940-talet.
  • Eldsverd – anten eit ekte sverd modifisert til bruk med eld, eller eit spesiallaga sverd med glasfiber i midten med ein veike av kevlar rundt.
  • Klede – hovudplagg, hoftebelte, armband og andre klede, typisk laga av metall med kevlar- eller Technora-faklar festa til.

Brennstoff[endre | endre wikiteksten]

Nesten all moderne elddans bruker flytande brennstoff i ein veike. Det finst mange brennstoff ein kan bruka, med ulike spesifikke eigenskapaer. Eldutøvarar vel brennstoff eller brennstoffblandingar basert på tryggleik, kostnad, tilgang og ønsk for ulike eigenskapar ved stoffet, som for eksempel fargen på flammen og flammetemperaturen. Det er også en viss geografisk variasjon i kva brennstoff ein bruke, på grunn av lokal tilgang. Nokre amerikanske brannutøvare bruker white gas (petroelumnafta), men dei fleste bruker andre brennstoff på grunn av det låge flammepunkt til stoffet. Britiske utøvarar bruker parafin eller petroleumnafta.

Tryggleik[endre | endre wikiteksten]

Framføringar med eld er farlege i seg sjølv, og berre nøye bruk av rekvisittene, oppbevaring av drivstoffet og utøving på passande stader gjer at ein minimerer risikoen. Brannforsikringer kan kreva at eldutøvarar har tilgang på brannslokkingsapparat, brannteppe eller anna branntryggleiksutstyr.

Opplæring[endre | endre wikiteksten]

Det blir halde arrangement i ulike delar av verda som driv opplæring i elddans og gjenstandmanipulering. Desse arrangementa kan vera eldfestivaler eller workshops ved sjonglering- eller musikkfestivaler, og er populære i USA, Canada, Storbritannia og Australia.[6]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Celebration Of Water Drawing». Chabad.org (på engelsk). Henta 10. februar 2021. 
  2. Jovinelly, Joann and Jason Netelkos (2003). The crafts and culture of the Aztecs By. Rosen Publishing Group. s. 17. ISBN 978-0-8239-3512-3. 
  3. Yamashita, Shinji (2003). Bali and beyond: explorations in the anthropology of tourism. Berghahn Books. s. 37. ISBN 978-1-57181-327-5. 
  4. «Phoenix Belly Dance - Shamadan Article», www.phoenixbellydance.co.nz, henta 29. desember 2022 
  5. «The History of Fire Dancing». ZenArts (på engelsk). 3. juni 2011. Henta 19. januar 2020. 
  6. «12 of the Most Dazzling Fire Festivals in the World | Everfest». Everfest.com (på engelsk). Henta 19. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Elddans