Thar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thar
ørken
none
Land Flag of India.svg India, Flag of Pakistan.svg Pakistan
Statar India:
Rajasthan
Haryana
Panjab
Gujarat,
Pakistan:
Sindh
Panjab
Wikimedia Commons: Thar Desert

Thar er namnet på eit stor sandørken- og steppeområde som ligg i India og Pakistan, og dannar ei naturleg grense mellom dei to landa. Thar ligg mellom elvane Indus og Sutlej, Aravallifjella og saltsjøen Rann of Kutch. Namnet Thar er avleidd frå thul, eit lokalt namn på sanddynene i området.[1]

Satellittbilde frå NASA av Tharørkenen, med grensa mellom India og Pakistan markert.

Thar dekkjer rundt 200 000 km²,[1] noko som gjer han til den 17. største ørkenen i verda, og den 9. største subtropiske ørkenen.[2] Størsteparten av Thar, rundt 85 %, ligg i India.[3] Ørkenen omfattar rundt tre fjerdedelar av den indiske delstaten Rajasthan. Rundt 40 % av innbyggjarane i delstaten bur i ørkenen. Han strekkjer seg også inn i Gujarat, Punjab og Haryana.[4] I Pakistan ligg han i Sind og Panjab.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sanden i Thar har blitt frakta hit med vinden i 1,8 millionar år. Han dannar skiftande sanddyner og eldre, nær stabile dyner på opptil 150 meter. Mellom desse ligg låge åsar og opne sandsletter. Her finst også saltsjøar eller saltsletter (lokalt kalla dhand),[1] der den største er Sambhar-sjøen.[5]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nedbørsmengda i Thar varierer mykje frå år til år. Mesteparten fell under sørvest-monsunen. Vest i regionen ligg ein særskild tørr del, Marusthali, med ei årleg nedbørsmend på 100 mm eller mindre.[1] I aust ligg ein halvørken med færre sanddyner og noko meir nedbør,[6] rundt 500 mm.[1]

Temperaturen kan nå 50 °C om sommaren (mai-juni), då det gjerne oppstår støvstormar som kan få vindhastigheiter på 140-150 km/t. Lågare temperaturer på 5-10 °C og frost er vanleg om vinteren. Januar er den kaldaste månaden.[1]

Natur[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjonen i Thar er spreidd og består for det meste av urteaktige vekstar og kratt. Det finst ein del tre som toler tørke, særleg i aust.[1]

Følgjande tre, kratt og buskar veks i området:[7] Acacia jacquemontii, Balanites roxburghii, Ziziphus zizyphus, Ziziphus nummularia, Calotropis procera, Suaeda fruticosa, Crotalaria burhia, Aerva javanica, Clerodendrum multiflorum, Leptadenia pyrotechnica, Lycium barbarum, Grewia tenax, Commiphora mukul, Euphorbia neriifolia, Cordia sinensis, Maytenus emarginata, Capparis decidua, Mimosa hamata

Av gras og urtevekster finn ein: Ochthochloa compressa, Dactyloctenium scindicum, Cenchrus biflorus, Cenchrus setigerus, Lasiurus scindicus, Cynodon dactylon, Panicum turgidum, Panicum antidotale, Dichanthium annulatum, Sporobolus marginatus, Saccharum spontaneum, Tribulus terrestris, Cenchrus ciliaris, Desmostachya bipinnata, Sorghum halepense, Citrullus colocynthis og artar av slektene Eragrostis, Ergamopagan, Phragmites og Typha. Blomane Calligonum polygonoides, Prosopis cineraria, Acacia nilotica, Tamarix aphylla og Cenchrus biflorus er endemiske til Thar.[8]

Thar husar flokkar av dyr som er i fare for å forsvinna frå resten av India, som hjorteantilope (Antilope cervicapra), chinkara eller indisk gaselle (Gazella bennettii) og indisk villesel (Equus hemionus indicus).

Det finst også mindre rovpattedyr her som ein lokal raudrevart, Vulpes vulpes pusilla, og ørkengaupe (Caracal caracal).

Ei rekkje fuglar trekker gjennom ørkenen, som ender, gjæser og sandhøns. Blant fuglar som lever her fast finn ein frankolinar, vaktlar, påfuglar og den sårbare arten stortrappe.[1]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Kvinner i Thar-ørkenen ber dyrefôr.

Thar er ein av dei tettast folkesette ørkenane i verda, med ein folketettleik på 83 menneske per km2.[9] Rundt 40 % av alle innbyggjarane i Rajasthan bur i ørkenen.[10] Den viktigaste levevegen er jordbruk, særleg dyrehald. Folk driv også med handverk og handel.[1]

Jodhpur er den største byen i regionen, og ligg i krattskogsona. Bikaner og Jaisalmer, som også er større byar, ligg inne i sjølve ørkensona. Dei fleste innbyggjarane i Thar bur likevel på landsbygda. Dei høyrer til fleire ulike folkegrupper som er delte inn etter språk, religion og kaste. Thar-buarane er hovudsakleg hinduar eller muslimar. Den mest markante folkegruppa er radjputar.

Av dei største språka kan nemnast sindhi, som blir tala sørvest i regionen, lahnda frå nordvestlege delar og radjasthanispråk, særleg marwari, som er dei viktigaste språka i sentrale og austlege delar.[1]

Vatningskanalar som Rajasthan Canal er meint å hjelpa oppdyrking av område nord og vest i ørkenen, og i å hindra ørkenspreiing.

Thar i kulturen og historia[endre | endre wikiteksten]

I dei gamle indiske sanskriteposa er ørkenen omtalt som Lavanasagara, 'Salthavet'. I rigvedisk mytologi er Sarasvati-elva nemnd som ei viktig elv. Ho blir sagt å liggja mellom Yamuna i aust og Sutlej i vest.[11] Seinare tekstar, som Tandya og Jaiminiya-brahmanaene og Mahabharata fortel at Sarasvati tørka opp i ein ørken. Mange forskarar meiner at den noverande Ghaggar-Hakra, som no berre renn i regntida, er staden for den rigvediske Sarasvati-elva. Andre meiner tekstane viser til Helmand-elva lengre vest.[12]

Ifølgje kosmologien i djainismen er Jambudvipa, den delen av verda der menneskja bur, omgjeven av Lavanoda eller 'Salthavet'.

På eldre engelsk er Tharørkenen også kjend som Great Indian Desert, 'Den store indiske ørkenen'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 «Thar Desert», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Inc., 2016, http://www.britannica.com/place/Thar-Desert 
  2. Singhvi, A. K. and Kar, A. (1992). Thar Desert in Rajasthan: Land, Man & Environment. Geological Society of India, Bangalore.
  3. Sinha, R. K., Bhatia, S., & Vishnoi, R. (1996). Desertification control and rangeland management in the Thar desert of India. RALA Report No. 200: 115–123.
  4. Sharma, K. K. and S. P. Mehra (2009). The Thar of Rajasthan (India): Ecology and Conservation of a Desert Ecosystem. Chapter 1 in: Sivaperuman, C., Baqri, Q. H., Ramaswamy, G., & Naseema, M. (eds.) Faunal ecology and conservation of the Great Indian Desert. Springer, Berlin Heidelberg.
  5. Vishwas S. Kale (23 May 2014), [https://books.google.co.uk/books?id=t_MsBAAAQBAJ&lpg=PA244&ots=KqMwsok-y1&dq=playas%20thar&pg=PA238#v=onepage&q&f=false pp=239-244 Landscapes and Landforms of India], Springer, https://books.google.co.uk/books?id=t_MsBAAAQBAJ&lpg=PA244&ots=KqMwsok-y1&dq=playas%20thar&pg=PA238#v=onepage&q&f=false pp=239-244 
  6. Sharma, K. K., S. Kulshreshtha, A. R. Rahmani (2013). Faunal Heritage of Rajasthan, India: General Background and Ecology of Vertebrates. Springer Science & Business Media, New York.
  7. Kaul, R. N. (1970). Afforestation in arid zones. Monographiiae Biologicae (20), The Hague.
  8. Khan, T. I., & Frost, S. (2001). Floral biodiversity: a question of survival in the Indian Thar Desert. Environmentalist 21 (3): 231–236.
  9. Singh, P. (ed.) (2007). Report of the Task Force on Grasslands and Deserts. Government of India Planning Commission, New Delhi.
  10. Gupta, M. L. (2008). Rajasthan Gyan Kosh. 3rd Edition. Jojo Granthagar, Jodhpur. ISBN 81-86103-05-8
  11. Nadistuti-hymnen i Rigveda 10.75
  12. A.V. Sankaran, Saraswati – the ancient river lost in the desert, http://www.iisc.ernet.in/currsci/oct25/articles20.htm 
Spire Denne geografiartikkelen som har med India og Pakistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.