Electrolux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Electrolux støvsugar.

Electrolux er eit svensk føretak som produserer kvitvarer, grasklypparar, hagetraktorar og meir. Føretaket vart stifta i 1910, med namnet Elektromekaniska AB. I 1919 gjekk det saman med AB Lux under namnet Elektrolux. I 1957 vart bokstaven «k» bytta ut med «c».

Kvitvarer[endre | endre wikiteksten]

Electrolux har i stor grad kjøpt opp andre føretak. Innan kvitvarer kontrollerer dei no merkenamna Elektro-Helios, Zanussi, AEG, Hugin og Volta. I 1940 lanserte Electrolux sin kjøkkenmaskin Electrolux Assistent som med berre få endringar framleis blir produsert for sal.[1]

Motorsagproduksjon[endre | endre wikiteksten]

I 1978 kjøpte Electrolux det svenske føretaket Husqvarna-Tandsbyverken, som produserte Husqvarna og Companion motorsager og det nord-amerikanske føretaket Poulan, og i 1979 kjøpte dei dei svenske motorsagprodusentane Partner og Jonsered. I 1983 kjøpte dei den norske motorsagprodusenten Jo-Bu, som var eigd av Elkem Spigerverket AS, og la ned produksjonen i Noreg. Same året kjøpte dei den kanadiske motorsagprodusenten Pioneer. Electrolux var ei tid verdas største motorsagprodusent, med ein årsproduksjon på rundt 800.000 sager. I 2006 vart Husqvarna skild ut som eige føretak, og motorsagproduksjonen vart overført dit. Varemerka Husqvarna, Jonsered og Poulan vert framleis nytta for motorsager, men varemerka Partner og Pioner er ikkje lengre i bruk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Assistenten er pensjonist men fortsatt like-aktuell, Elektronikkbransjen, 15/11-2007.