Elegi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sofokles
Mange prøvde å syngja glade den mognaste gleda,
her kling ho endeleg ut, gjennom tyngjande sorg.

Diktet ovanfor er eit døme på bruk av elegisk distikon i eit epigram.

Elegi (frå gr. av elegos 'klagesong'[2]) er ein klagesong eller eit klagedikt som uttrykkjer sorg eller vemod. Elegien har sitt opphav og blei fyrst utvikla i Jonia på 600-talet f.kr, og både Arkhilokhos og Kallinos har blitt rekna som opphavsmenn for sjangeren, som ein finn spor av langt attende i ulike sivilisasjonar. I gresk og romersk litteratur er elegien formelt bestemt gjennom den metriske strukturen. Opphavleg var han eit dikt skrive i ein valfri mengd distikon, som er ei verseining på to linjer. Dei to linjene i eit distikon vekslar mellom heksameter (seks daktylar) og pentameter (fem daktylar).

Jamvel om elegien frå klassisk gresk tid var ganske strengt definert som sjanger, stod han friare i val av innhald og kunne omhandle mange forskjellige emne. Innhaldet kunne vere både krigersk, politisk, etisk og erotisk, og blei framførd til fløytespel. Versemålet blei også nytta i gravskrift i form av eit epigram, og utgjorde då i regelen berre eitt distikon, altså to linjer. Epigrammmet er dessutan den fyrste utprega skriftlege undersjangeren til elegien.

I moderne lyrikk er elegi ei nemning på eit klagedikt utan omsyn til den ytre forma. I musikken er elegien ein klagesong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hauge H, O. (2003). Dikt i umsetjing. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 23. 
  2. «elegi» i Nynorskordboka..
Spire Denne kulturartikkelen som har med musikk og lyrikk å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.