Elektrisk konduktivitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elektrisk konduktivitet eller elektrisk leiingsevne er eit mål for evna eit stoff har til å leie elektrisitet. Målet for elektrisk konduktivitet er siemens per meter (S/m), oppkalla etter den tyske ingeniøren Werner von Siemens, grunnleggjaren av bedrifta Siemens AG. Elektrisk konduktivitet er det motsette av elektrisk resistans, målt i eininga ohm (Ω). Dermed er siemens (S) gitt ved 1/Ω. Sidan Ω er lik kg·m2s-3A-2 er S/m lik A2s3m-3kg-1. I praksis vert elektrisk konduktivitet ofte gjeve i S/cm eller mS/cm.

Mål på vasskvalitet[endre | endre wikiteksten]

Elektrisitet består av elektron som går gjennom eit stoff. Særskilte bindingar, som metallbinding, i eit stoff gjer at det lettare leier elektrisitet. Ion løyst opp i vatn fører også til høgare elektrisk konduktivitet. Såleis kan ein måla mengda av ion, som kalsium, magnesium, jern og liknande løyst opp i vatn. Dette gjev eit brukbart mål for vasskvalitet. Destillert vatn bør ha lågare elektrisk konduktivitet enn 0,3 mS/cm, medan grunnvatn blir rekna som reint om det har mindre enn 500 mS/cm. Vatn med verdiar opp til 2000 mS/cm kan nyttast til kunstig vatning.

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.