Elektriske fenomen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Elektriske fenomen er vanlege eller uvanlege hendingar som kan forklarast ut frå elektrisitet. Elektriske fenomen er ein noko vilkårleg inndeling av elektromagnetiske fenomen.

Somme døme er:

  • Biefeld–Brown-effekt — Effekten vert ofte kalla elektrohydrodynamikk (EHD) eller stundom elektro-væskedynamikk, eit motbart til den kjende magnet-hydrodynamikken.
  • Berøringselektrifisering — Fenomenet der ein får elektrifisering ved kontakt. Når to lekamar rører kvarandre, kan stundom lekamane spontant bli ladd (ein negativ, ein positiv).
  • Likestraum — Likestraum gjennom ein leiar som ein leidning frå høg til lågt potensial.
  • Elektroluminescens — Fenomenet der eit material utstråler lys når ein elektrisk straum passerer gjennom det, eller finst i eit sterkt elektrisk felt.
  • Elektrisk leiing — Rørsle av elektriske ladde partiklar gjennom eit overføringsmedium.
  • Elektrisk støyt — Fysiologisk reaksjon hos ein biologisk organisme når det passerer elektrisk straum gjennom kroppen.
  • Ferroelektrisk effekt — Fenomenet der visse ioniske krystallar kan syne eit spontant dipolmoment.
  • Induksjon — Fenomen der eigenskapen til ein krets der energien vert lagra i form av eit elektromagnetisk felt.
  • Lyn — kraftig naturleg elektrostatisk utlading under eit torevêr. Den brå elektriske utladinga produserer eit kraftig lys.
  • Fotokonduktivitet — Fenomen der eit material vert meir leiande på grunn av absorpsjon av elektromagnetisk stråling som synleg lys, ultrafiolett lys eller gammastråling.
  • Fotoelektrisk effekt — Utsending av elektron frå ei overflate (vanlegvis metallisk) når ho vert utsett for eller absorberer elektromagnetisk stråling (som synleg lys og ultrafiolett stråling).
  • Piezoelektrisk effekt — Kor mykje spenning visse krystall kan generere når dei vert utsett for mekanisk stress.
  • Pyroelektrisk effekt — Potensialet skapt i visse material når dei vert oppvarma.
  • Statisk elektrisitet — Ei klasse fenomen som omfattar ubalanset ladning i ein lekam, typisk for ladningar med stor nok spenning til å produsere synleg tiltrekking, avvising og gnistar.
  • Gnistar — Elektrisk nedbryting av eit medium som vert produsert i ei plasmautladning, liknande den augneblikklege gnisten som kjem av straum gjennom eit normalt ikkje-leiande medium som luft.
  • Tellurisk straum — Ekstremt lågfrekvent elektrisk straum som skjer naturleg over store undergrunnsområde eller nær jordoverflata.
  • Termoelektrisk effektSeebeck-effekten, Peltier-effekten og Thomson-effekten
  • Friksjonselektrisk effekt — Type kontaktelektrifisering der lekamar vert elektrisk ladd etter å ha kome i kontakt med kvarandre og så vert fråskilde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]