Fotokonduktivitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fotokonduktivitet er eit optisk og elektrisk fenomen der ein får ein auke i den elektriske konduktiviteten (leiingsevna) i eit stoff når dette vert utsett for lys, infraraud eller ultrafiolett stråling. Det vert nytta i fjernsynskamera, lysmålarar, infraraude detektorar og meir. Effekten vart påvist i grunnstoffet selen i 1873. Det er seinare vorte påvist i mange andre stoff.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]