Statisk elektrisitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kontakt med skila har gjort håret til jenta til venstre positivt ladd, slik at hårstrå reiser seg. Håret kan òg vere trekt mot den negativt ladde overflata av sklia.

Statisk elektrisitet er elektrisk lading i eller på på overflata av ein lekam [1]. Ladninga kan vera positiv eller negativ. Det oppstår då ei elektrisk spenning mellom den ladda lekamen og lekamar utan, eller med ei anna lading.

Opplading[endre | endre wikiteksten]

Grunnen til at ein lekam får ei overskotslading er ofte fysisk kontakt mellom isolerande materialar, som fører til at elektronar vert overførte frå ein lekam til eit annan. Dett kan til døme skje når person med ullestar går over eit golv med isolerande belegg, som til dømes vinyl.

Utlading[endre | endre wikiteksten]

Om det ikkje finst ein konduktans som kan leia bort overskotsladninga på den lada lekamen vert han verande der. Vakuum kunne fungera som ein ideell elektrisk isolator, men i praksis finst det eit fysisk materiale mellom den lada lekamen og andre lekamar, og sjølv dei beste isolatorane har ein viss konduktivitet, så over lang tid vil den statiske elektrisiteten verta fjerna frå den lada lekamen. Om den lada lekamen kjem i kontakt med ein lekam som ikkje er lada, eller som har ei anna lading, vil det skje ei ladingsutveksling, slik at begge lekamane ender opp med same lading. Spenninga mellom ein lada og ein ulada lekam kan koma opp i fleire kV. Om ein lekam med stor lading kjemi nærleiken av ein nøytral lekam kan det føra til utlading via ein gneist, som kan vera både synleg og hørbar. Ein kan og føla utdainga om spenninga overstik 3 kV [treng kjelde]. Spenninagar opp til 10 - 12 kV er vanlege. Dette er likevel ikkje farleg. på grunn av at energien i utladinga er svært liten. Det er slike utladingar ein opplever som «støyt». Gneisten som oppstår kan medføre at brannfarlege væsker eller gassar vert tende om energien i utladinga overstig 0.2 mJ.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Giancoli, D.C., Physics for scientists and engineers, 2. utg., Prentice-Hall, 1988.