Elektronisk bompengeinnkreving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektronisk bompengeinnkreving er ein måte å krevje inn bompengar på automatisk som eliminerer bilkø ved bomstasjonar.[1] Noreg har vore ein pionér på dette området, og det vart fyrst etablert i Bergen saman med manuelle bomstasjonar i 1986. Kvar bil som passerer bomstasjonane, vert registrerte med noggrant tidspunkt ved elektroniske sensorar, og dei som ikkje har transponder i bilen, vert fotograferte med kjennemerke på bilen. Sidan vert ein faktura sendt til adressa som eigaren av bilen er registrert på. I Noreg er det AutoPASS-brikken som gjeld som transponder, og faktura vert òg send til bileigaren her, som regel med ein liten rabatt på prisen i høve til dei som vert fotograferte.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Copeland, Larry, Toll roads take cashless route, USA Today, 7/28/2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]