Transponder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på transponder i bil.

Transponder er ein radiomottakar som automatisk sender ei kode tilbake. På engelsk er det forkorta frå Transmitter-responder eller sender-svarar.

På korte avstandar er energien som kjem utanfrå nok til å senda eit naudsynt koda signal tilbake. Disse vert kalla RFID, radiofrekvensidentifikasjon. Døme på det er ID-chips på kjeledyr og brikker for tjuverialarm i butikkar.

Innan telekommunikasjon kan basestasjonar og satellittar fungera som transpondarar sidan dei sender ut eit radiosignal på ein annan frekvens, eller sender ut ein anna melding når det kjem ei spesiell kode inn. Nokre av desse vert kalla relé eller repeatere (engelsk).

Satellittar kan ha bredbandstranspondarar som kan ta imot sendingar frå mange bakkestasjonar slik at mange TV eller radiokanalar, eller mange datasamband kan sendast ut frå satellitten i ein breibandsendar.

Transponder for fly / «Squawk»-kodar[endre | endre wikiteksten]

Jagarfly har lenge vore utstyrt med innretninger som sender dagens kode eller ein avtalt kode ved eit motteke radarsignal for at andre jagarfly og bakkeradarar kan fastslå om flyet er ven eller fiende. IFF-system (IFF – Identification Friend or Foe).

Eldre transponder i ein Cessna. «ALT» innstillinga (altitude/høgd) på knappen til venstre gir Mode C/høgdevising. Eininga øvst er ein nyare radio for flybandet.

I sivil luftfart vert nytta enklare transpondere for å gje ein firesifret oktal kode, ein såkalla squawk-kode, kvar gong eit radarsveip treffer flyet. Då vert sendt eit kortvarig koda radiosignal på 100 Watt frå transponderen med ei utvendig antenne. Squawk-koden vert tildelt flyet av ein flygeleder når flyet flyr inn i kontrollert luftrom eller opnar ein flygeplan. Når rutefly skal starta, får flygerene koden over radio av bakkekontrollen før flyet startast. Flygelederene får lagt talet inn i sin datamaskin kopla til kallesignalet til flyet, som anten er rutenummeret til flyet eller registreringsbokstavar. På flygelederens skjerm kjem det eit merke som angjev posisjonen til flyet, retning og bakkefart med kallesignalet til flyet og høgd ved sida av. Squawkkoden består av fire siffer mellom 0 og 7. (ikkje 8 og 9).

Ved spesielle situasjonar kan faste kodar nyttast. 7700 tyder naudsituasjon, 7600 tyder radiosvikt og 7500 tyder kapring. Småfly som flyg etter visuelle flygeregler utanom kontrollert luftrom utan å kontakta flygekontrollen kan i Europa bruka 7000, i USA 1200.

Sekundærradar[endre | endre wikiteksten]

Ein radar med sekundærradarantenne montert over primærradarantennen.

For overvåkning av luftrommet har flygeledertjenesten ein primærradar som registrerer refleksen frå ein gjenstand i lufta, eller det kan sjåast regnvêrområde som nyttar ein vanleg parabolformet roterande radarantenne. Med denne radaren kan flygelederen sjå fly som ikkje har fungerande transponder som ein enkelt prikk.

På toppen av den vanlege radarantenna vert montert ei antenne for sekundærradar som ser ut som ein skinna. Den sender ut eit signal på 1030 MHz til transponderene, og tek imot signal frå transponderene på 1090 MHz. Det koda digitale signalet gjev flygelederen kallesignalet til flyet og høgd på skjermen ved sida av prikken frå primærradaren. På same måte som ein primærradar mæler radaren tida frå den sender ut signalet til den mottek svaret, og deler dette på to for å finna avstanden til objektet. Innan lufttrafikktenesta vert skildra dette svaret frå transponderen som eit sekundærtarget når det vert vist på radarskjermen.

Transponderen har ein "IDENT" knapp som kan senda eit ekstrasignal som lyser opp infoen til flyet på skjermen. Når flygelederen er usikker på vilket fly han har kontakt med, kan han be om IDENT. Om transponderen ikkje verkar, ber han om eit par svingar, så han kan sjå svingane av prikken på skjermen.

Mode C / høgdevising[endre | endre wikiteksten]

I flya er det ofte ein enkel trykkmålar som gjev elektrisk signal til transponderen, som legg høgde-informasjonen inn i svarsignalet frå transponderen. Dette vert kalla «Mode C». Når signalet kjem til flykontrollsystemet verta vanlegvis omsett signalet til ein av to høydeangivelser i flyging, anten i antal fot over havet, QNH, eller i flygenivåer / «Flight levels».

"Antal fot over havet" vert opp brukt til ei lokalt definert overgangshøgd. Over denne vert brukt flygenivåer. Overgangshøgda kan vera mellom 6000 og 10 000 fot over havet.

Flygenivåer vert angjeve i mengd hundre fot i trykkhøgd over havet. Det vil seia at flygenivå 320 er høgda der trykket er slik det er i standardatmosfæren ved 32 000 fot over havet. Ved lavtrykk kan flygenivået / flight level vera langt under tilsvarande høgda i antal fot, og ved høgtrykk er det mykje høgare. Sidan høgdemålarane i alle flya er nøyaktige i tilhøve til trykkhøgd, gjev dette likevel trygg høgdeseparasjon mellom flya.

ACAS[endre | endre wikiteksten]

Ein relativt ny måte å bruka transpondersignalene er ACAS, («Airborne Collision Avoidance System») / «luftbåret system for unngåelse av kollisjon». Flyene tek imot signala frå transponderen i fly i nærleiken. Høgda frå transpondersignalet som vert teke imot samanliknast med eiga høgd. Ein liten høgdeskilnad utløyser stemmemelding til flygerene om å auka eller å minka høgd. I ein flyulykke over Sveits lydde den eine flygeren råd frå flygelederen om å stiga, medan det nye ACAS-systemet gav han melding om å gå ned.

Mode S[endre | endre wikiteksten]

Mode S er ein relativt ny standard. Hovudgrunnen til at Mode S no vert innført i høgt tempo i Europa er betre motstandsdugleik mot ulike typar interferens, men Mode S har òg andre fordeler. Medan Mode A og C er avgrensa til 4096 ulike kodar internasjonalt, har alle Mode S transpondere tildelt ein unik 24 bitar kode. Mode S rapporterer òg høgd i trinnet til 25 fot, medan Mode C har maksimal oppløysing på 100 fot. Mode S kan på førespurnad òg rapportera ein del andre opplysningar, som indikert flygefart (farten til flyet i tilhøve til lufta rundt flyet, uavhengig av bakkefarten) og svingrate. Dette reduserer behovet for radiokommunikasjon med flygeledere.

Regelverk[endre | endre wikiteksten]

Luftfartsstyresmaktene i mange land innfører stadig vidare krav til transponderutstyret avhengig av der flyet skal fly. Eit småfly utan transponder som skal til ein kontrollert flyplass i Noreg kan avvisast, men om trafikken er moderat og flygelederen er velvillig, kan det likevel vera mogleg å oppnå landingsløyve.

Sommaren 2006 kom fleire luftballongar inn i områda til kontrollsonene i Nord-Noreg. Sidan dei ikkje hadde transponder, måtte ruteflya halda seg langt unna, og nokon ruter vart kansellert.

SART (Search and Rescue Transponder)[endre | endre wikiteksten]

Ein SART-transponder som kan monterast i ein livbåt.

Radartransponder er ein del av nødradiutstyret i GMDSS systemet for maritime fartøy. SART (Search And Rescue Radar Transponder) gjer det lettare å sjå mindre objekt i sjøen som gjerne er for små til å gje eitt godt ekko på Radar biletet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]