Elias Akselsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elias Akselsen
Fødd 27. september 1947
Yrke musikar

Elias Akselsen (fødd 27. september 1947) er ein norsk norsk musikant (song, gitar) og låtskrivar, kjent for sine tatersongar.

Akselsen er fødd på Årnes i Nes. Han voks opp i Sør-Odal og er busett på Skarnes. Akselsen er oldebarn av Stor-Johan og far til artisten Veronica Akselsen. Han arbeider som lekpredikant i Pinsevennene. Han budde ei tid på 1960-talet i Stockholm der han arbeidde med Cornelis Vreeswijk.

Akselsen har gjeve ut Hjemlandsklokker - religiøse taterviser med Stian Carstensen (1999, ViaMusic, 2002), Barn av den bortglemte rase med Hulda Johansen i opptak (Sylvartyn Folkemusikk, 2000), Her kommer dine arme små med Stian Carstensen, Finn Guttormsen, Dag Wolf m.fl. (Via Music, 2003) og Høstdrømmer med Gjertrud Øklands Sigøynerorkester (Via Music] 2004). Songar av Aage Samuelsen vart gjeve ut på o'Jesus, du som fyller alt og alle, med Guttormsen, Carstensen og Knut Hem (ViaMusic, 2005). Han har også spelt på Kongsberg Jazzfestival, der Akselsen også arbeidde med Ravi og DJ Løv.

Han fekk NRKs folkemusikkpris i 2001, Hedmark fylkes kulturpris i 2003 og Rff-prisen i 2008. Han vart utnemnt til statsstipendiat frå og med 2010.

Ei skildring av Akselsen vart skriven av Stein Østbø, Deilig er Jorden (2004).