Skarnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skarnes
tettstad
Skarnes stasjon
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Sør-Odal
Areal 2,44 km²
Folketal 2 695  (2023)
Folketettleik 1 105 / km²
Postnummer 2100 SKARNES
Preposisjon Skarnes
Kart
Skarnes
60°15′14″N 11°41′05″E / 60.25391°N 11.68485°E / 60.25391; 11.68485
Wikimedia Commons: Skarnes

Skarnes er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sør-Odal kommune i Innlandet. Tettstaden har 2 695 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved Glomma, på begge sidene av elva, ved munningen av den mindre elva Oppstadåa som renn ut i Glomma. Nord- og sørsida av Skarnes er knytt saman med Skarnes bru frå 1880-åra.[1]

Fylkesveg 24 går nordover frå Skarnes til Hamar. Det meste av busetnaden og industrien på Skarnes ligg ved stasjonen på Kongsvingerbanen, på sørsida av elva. Skarnes har mølle, kornsilo og noko trevareindustri, i tillegg til vidaregåande skole og Solbakken folkehøgskole. Det er friluftsmuseum på Odalstunet, med gardstun og husmannsplass.[2]

Kjende skarnesingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sør-Odal». Store norske leksikon. Henta 2. desember 2018. 
  2. «Skarnes». Store norske leksikon. Henta 2. desember 2018.