Elias Faleide
| Elias Faleide | |||
| Fødd | 10. oktober 1879 Stryn kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 24. mars 1967 (87 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre | ||
| Yrke | Agronom og politikar | ||
| Verv | |||
| Føregangar | Jon A. Vereide | ||
| Etterfylgjar | Jon A. Vereide | ||
| Verv | |||
| Føregangar | Jon A. Vereide | ||
| Etterfylgjar | Martin R. Andenes | ||
| Verv | |||
| Føregangar | Martin R. Andenes | ||
| Etterfylgjar | John Austrheim | ||
| Alle verv |
| ||
Elias Paulson Faleide (fødd 10. oktober 1879 i Stryn kommune, død 1967 i Gloppen kommune) var ein norsk fylkesagronom, ordførar og stortingsrepresentant for Venstre.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Elias Faleide vart fødd på garden Riise i Stryn kommune i 1879. Han var son til kommandersersjant Paul Hansen Faleide og Kristi Eliasdotter Riise (Tonning). Han er uteksaminert frå Landbrukshøgskolen i 1905, og vart i 1912 fylkesagronom for Nordfjord. Han busette seg på Sandane. Frå 1938 var Faleide husdyragronom for heile fylket. Han sat som leiar for Nordfjord og Sunnfjord Fjordhestlag i over 30 år, frå 1926 til 1959.
Ordførar
[endre | endre wikiteksten]Faleide var ordførar i Gloppen kommune i tre bolkar, 1919–1922, 1928–1941 og 1945–1947. Han var og fleire gonger formann i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Faleide var stortingsrepresentant for Venstre frå 1919-1921, og 1922-24.
Han var aktiv i arbeidet med stiftinga av kraftselskapet Firdakraft, og medverka og til utbygging av den første store kraftstasjonen i Øksenelvane, tidleg på 1950-talet. Han var styreformann i Firda Billag i mange år.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Kongens fortjenstmedalje i gull i 1949.
- Sogn og Fjordane Landbruksselskaps medalje i gull.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elias Faleide» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mai 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgir desse kjeldene:
- Biografisk informasjon om Elias Faleide ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
- NRKs Fylkesleksikon
