John Austrheim
John Austrheim | |
Fødd | 10. oktober 1912 |
---|---|
Død | 13. april 1995 |
Parti | Senterpartiet |
1. verv | Leiar for Senterpartiet |
- periode | 1967–1973 |
- føregangar | Per Borten |
- etterfylgjar | Dagfinn Vårvik |
2. verv | Norsk samferdsleminister |
- periode | 18. oktober 1972–16. oktober 1973 |
- regjering | Korvald |
- føregangar | Reiulf Steen |
- etterfylgjar | Annemarie Lorentzen |
3. verv | Ordførar i Gloppen |
- periode | 1956–1962 |
- føregangar | Alf Gloppestad |
- etterfylgjar | Elias Eimhjellen |
John Andersson Austrheim (10. oktober 1912–13. april 1995) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Gloppen i Nordfjord. Han var 1967-73 formann i Senterpartiet, og 1972-73 samferdsleminister i Korvald-regjeringa.
Austrheim var odelsgut til eitt av bruka på matrikkelgarden Austrheim vest for Sandane, kommunesenteret i Gloppen. Skuleåret 1932/33 gjekk han Nordfjord ungdomsskule, før han i si tid tok over farsgarden på Austrheim.
I 1945 vart Austrheim medlem av kommunestyret i Gloppen kommune, eit verv han hadde til 1951. Ved kommunevalet 1955 kom han innatt i kommunestyret, og vart vald til ordførar. Han var ordførar frå 1956 til 1962.
Hausten 1961 fekk Austrheim stortings-plass frå Sogn og Fjordane, vald for Senterpartiet. I sine 16 år som tingmann var han 1961-65 medlem i Sosialkomiteen, 1965-69 i Kommunalkomiteen, 1969-71 i Utanrikskomiteen, sesjonen 1971/72 på ny i Sosialkomiteen, og 1973-77 i Industrikomiteen.
Då mangeårig Senterparti-formann, og dåverande statsminister Per Borten, i 1967 sa nei til å halde fram som partiformann, vart Austrheim vald til ny formann i Senterpartiet. I perioden frå oktober 1969 til mars 1971 var han også parlamentarisk leiar i Senterpartiet.
Då Lars Korvald skipa regjering i oktober 1972, fekk Austrheim posten som samferdsleminister, ein post han hadde til Korvald-regjeringa gjekk av i oktober 1973. Ved landsmøtet i Senterpartiet i 1973 overlet Austrheim formannsvervet til Dagfinn Vårvik.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Einskildmenn
- Fødde i 1912
- Døde i 1995
- Norske samferdsleministrar
- Statsrådar i Regjeringa Korvald
- Senterpartistatsrådar
- Leiarar for Senterpartiet
- Stortingsrepresentantar 1961-1965
- Stortingsrepresentantar 1965-1969
- Stortingsrepresentantar 1969-1973
- Stortingsrepresentantar 1973-1977
- Stortingsrepresentantar frå Sp
- Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane
- Ordførarar i Gloppen
- Sp-ordførarar i Sogn og Fjordane
- Folk frå Gloppen