Hopp til innhald

Eliteserien i handball 1983/84–Karar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eliteserien i handball 1983/84 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 3. september 1983 til 4. mars 1984. 7 av laga var heimehøyrande i Stor-Oslo (Oslo og tilgrensande kommunar).

Kolbotn Idrettslag vart seriemeister for andre gong i rad. Laget bestod av karar som Lars Christian Haneborg, Vidar Bauer, Runar Bauer, Leif Nordstrøm, Svein Ivar Storkås og den spelande trenaren Gunnar Helgevold.

Poengtabell

[endre | endre wikiteksten]
Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Kolbotn IL 22 488-429 32
2 Fjellhammer IL 22 504-430 29
3 Fredensborg/Ski 22 527-504 28
4 Kristiansand IF 22 404-500 26
5 Stavanger IF 22 535-533 26
6 Urædd 22 557-525 22
7 Nordstrand IF 22 492-469 21
8 Oppsal IF 22 510-519 20
9 Skien BK 22 511-549 19
10 Kragerø IF 22 466-504 18
11 Haslum 22 470-528 13
12 Refstad IL 22 416-490 10
  • Sportsboken 84-85. Sportsboken As. Stavanger 1984.