Hopp til innhald

Eliteserien i handball 1987/88–Karar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eliteserien i handball 1987/88 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 23. september 1987 til 20. mars 1988.

Idrettsforeningen Urædd vart seriemeister for andre gong, tre år etter den fyrste. Bent Svele utmerkte seg på meisterlaget frå Porsgrunn. Av dei andre som bidrog til triumfen kan Kjetil Larsen, Brede Larsen, Jørgen Young, Jonny Haugen, Roger Kjendalen og målvakta Pål Oldrup Jensen.

Poengtabell[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Urædd 22 591-509 37
2 Stavanger IF 22 555-501 30
3 Bækkelaget SK 22 635-596 28
4 Fredensborg/Ski 22 521-487 25
5 Sandefjord HK 22 541-509 24
6 Skien BK 22 571-562 24
7 SK Rapp 22 514-510 22
8 Kragerø IF 22 481-507 19
9 IL Norrøna 22 546-580 16
10 Kristiansand IF 22 514-557 14
11 Kolbotn IL 22 468-544 13
12 Reistad IL 22 544-629 12

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 88-89. Sportsboken As/VG. 1988.