Hopp til innhald

Eliteserien i handball 1991/92–Karar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

1. divisjon i handball 1991/92 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 22. september 1991 til 12. april 1992.

Idrettsforeningen Urædd vart seriemeister for tredje gong, fire år etter den forrige serietriumfen. Bent Svele utmerkte seg atter på meisterlaget frå Porsgrunn og vart kåra til årets spelar i Noreg. Elles bidrog Brede Larsen, Morten Daland, Eskil Berg Andreassen, Dag Løkslid og målvakta Pål Oldrup Jensen sterkt til triumfen.

Poengtabell

[endre | endre wikiteksten]
Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Urædd 22 547-465 37
2 Stavanger IF 22 611-556 35
3 Viking HK 22 515-478 32
4 IL Runar 22 478-400 31
5 Sandefjord HK 22 541-460 29
6 Kragerø IF 22 517-515 23
7 IL Norrøna 22 519-508 21
8 Fredensborg/Ski 22 489-536 14
9 SK Wing 22 446-504 14
10 Fyllingen IL 22 479-557 12
11 Skien BK 22 493-556 9
12 Bodø HK 22 439-539 7