Elizabeth Stephansen
Utsjånad
| Elizabeth Stephansen | |||
| | |||
| Fødd | 10. mars 1872 Bergen | ||
|---|---|---|---|
| Død | 23. februar 1961 Espeland i Bergen | ||
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Yrke | matematikar | ||
| Alma mater | Universitetet i Zürich Eidgenössische Technische Hochschule Zürich | ||
Mary Ann Elizabeth «Betzy» Stephansen (fødd 10. mars 1872 i Bergen, død 23. februar 1961 Arna) var ein norsk matematikar og lærar.
Ho studerte ved Eidgenössische Polytechnikum i Zürich i Sveits og tok doktorgrad same stad i 1902. Ho vart dermed den første norske kvinna som tok doktorgrad i matematikk. Ho var lærar ved Bergen katedralskole og Bergen tekniske skole og var frå 1906 tilsett som assistent i fysikk og matematikk ved Norges Landbrukshøyskole på Ås. Frå 1921 jobba ho som dosent i matematikk.
Ho publiserte mellom anna arbeid om partielle differensial- og differenslikningar.
Ho fekk Kongens fortenestmedalje for innsatsen for dei norske fangane på Espeland, fabrikkstaden som faren Anton Stephan Stephansen hadde grunnlagd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Elizabeth Stephansen» (2011-11-09). I Store norske leksikon.