Elkem Solar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Elkem Solar er ei bedrift for framstilling av silisium til solceller.

I 2006 vart det vedteke å bygge ein fabrikk til 2,7 mrd kr på Fiskå i Kristiansand kommune. Fullskalaproduksjon vert starta opp sommaren 2008.

Fabrikken skal produsera såkalla superreint silisium. Ved hjelp av ein sjølvutvikla metalurgisk prosess, brukar Elkem Solar mykje mindre elektrisk energi enn det som til no har vore vanleg for tilsvarande produksjon. Utgangspunktet er silisium som tidlegare og har vorte produsert av kvarts, kalk, kol og koks på Elkem Fiskå. Alt før produksjonsstart er store delar av produksjonen fram til 2018 seld.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Informasjonsavis for Elkem Solar. Sommaren 2007