Kalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om kalsiumhaldige stoff. For bekaren, sjå drikkebegeret kalk.
Kalksteinsbrotet til Brønnøy Kalk på Akselberget i Brønnøy.

Kalk er eit vanleg namn for kalsiumkarbonat CaCO3 eller kalsiumoksid CaO. Kalk er òg eit generelt omgrep for ulike naturlege mineral og material som kan bli framstilt frå dei, der karbonat, oksid og hydroksid av kalsium dominerer.

Desse materiala er bruka i store mengder som byggemateriale og byggestein. Materiala omfattar òg kalkprodukt, betong og morter og kjemiske halvfabrikata.

Industriell utnytting[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Kalkbrenning og Sement

Bergartane som desse materiala kjem frå, er oftast kalkstein eller krit, og er først og fremst bygd opp av kalsiumkarbonat. Bergartane kan bli skore i blokker, pulveriserast eller knusast, og dei kan også bli endra kjemisk til brukbare stoff. Innan landbruk blir det kalla landbrukskalk.

Kalsiumoksid blir kalla brent kalk av di det blir laga ved gløding eller brenning av kalkstein eller anna som inneheld kalsiumkarbonat, CaCO3. Blanda med ei viss mengd med leire får ein sement.

Slemma i vatn (H2O) heiter kalken leska kalk.

CaCO3 = CaO + CO2
CO2 + H2O = H2CO3

Sement slemma i vatn heiter mørtel.

Kalk kan verke irriterande på hud og auge.

Førekomst i naturen[endre | endre wikiteksten]

Kalk finst i naturen særleg som plankton med kalkskal som lever i havet; til dømes foraminiferar. Også muslingar har kalkskal.

Kalkstein er ein bergart som utgjer 10 % av jordskorpa.

Kalkbrot i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sjå sement, Oslofeltet

Sementfabrikkar[endre | endre wikiteksten]

Bruk av kalk[endre | endre wikiteksten]