Ella Holm Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ella Holm Bull
Fødd 12. oktober 1929
Død

21. september 2006

Ella Holm Bull (12. oktober 192921. september 2006) var ein sørsamisk lærar og forfattar frå Snåsa. Ho arbeidde i mange år aktivt for sørsamisk språk, ho stod mellom anna attom den sørsamiske rettskrivinga frå 1974, den såkalla Bergsland-Bull-rettskrivinga. Holm Bull fekk fleire prisar for arbeidet sitt for sørsamisk språk, mellom anna i 2004 Gollegiella-prisen på 100  for styrking av samisk språk.

Ella Holm Bull, fødd Joma, var dotter av Nils Pedersen Joma (1905–48) og Anna Sofie Johnsen Steinfjell (1904–74). Ho mista far sin, tre onklar og to tanter i Dunderlandsdal-ulukka sommaren 1948. I 1953 gifta ho seg med Nils Holm Bull (1929–2003) frå Røros.[1]

Bull blei uteksaminert frå Nesna lærarhøgskule i 1954, og tok grunnfag i samisk ved Universitetet i Oslo i 1964.[2] I 1968 blei ho tilsett som lærar ved Åarjel-saemiej skuvle, den nystarta sameskulen i Snåsa. Saman med professor Knut Bergsland utarbeidde ho i 1974 Bergsland-Bull-rettskrivinga.[3]

Ho satt på Sametinget frå 1989 til 1993.[4] Svigersønnen Jarle Jonassen har også sittet på Sametinget.

Då Bull døydde var ho nett engasjert til å skrive den samiske historia i Røyrvik og omland, med tilskot frå fylkestinget i Nord-Trøndelag.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Manne joe maahtam lohkedh. 1989
  • Åarjel-saemien Gåalmede gærja. 1987
  • Åarjel-saemien Vijhtede gærja. 1986
  • Åarjel-saemien Nubpie gærja. 1986
  • Åarjel-saemien Nealjede gærja. 1986
  • Ovmese veareldh. 1985
  • Suhtjegh. 1984
  • Tsååbpe-niejlen jih Tsååbpe-baernien bijre. 1984
  • Brorke. 1984
  • Åarjel-saemien Voestes gærja. 1982
  • Lohkede Saemien (med Knut Bergsland). 1974

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rørvik, Nina (1998) Røyrvik: gårds- og grendehistorie – Røyrvik kommune, [Røyrvik]. ISBN 8291134170 (ib.).
  2. Keskitalo, Minneord fra samediggi.no
  3. I brodden for samisk kultur - Ella Holm Bull; NRK tv arkviopptak, 1. juni 1987
  4. Odd Mathis Hætta: Sametinget i navn og tall : Høsten 1989 - høsten 1993