Ellenbergeritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ellenbergeritt er eit purpurfarga silikatmineral som blir danna ved høge trykk.

Mineralet vart først skildra i 1986 i Alpane og er kalla opp etter den franske geologen F. Ellenberger. Den kjemiske formelen er Mg6TiAl6Si8O28(OH)10. Eit fosfatmineral med same struktur som ellenbergeritt, fosfoellenbergeritt, er òg kjent frå Alpane og finst som innesluttingar i heneuitt i ein serpentin-magnesitt-bergart frå Modum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]