Serpentin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Serpentin
Fat av serpentin med innlagt gullfisk, 1. hundreåret fvt.

Serpentin er ei mineralgruppe av hydroksylhaldige magnesiumsilikat Mg3Si2O5(OH)4. Dei er viktige bestanddelar i mange bergartar på lågt metamorfosetrinn, som kleberstein, grønskifer og andre.

Serpentin blir oftast danna ved hydrotermal omvandling av magnesiumrike silikat, særleg olivin.

Dei tre hovudtypane av serpentin er lizarditt, antigoritt og krysotil (serpentinasbest).

Serpentinmineral finst mange stader, òg i Noreg. Vent gulgrøn til grøn edelserpentin frå Modum er brukt mellom anna som prydstein til fasadar.

Serpentingruppa[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]