Magnesitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magnesitt
Magnesite.jpg
Generelt
Kategori Karbonatmineral
Kjemisk formel MgCO3
Strunz-klassifisering 05.AB.05
Identifikasjon
Farge fargelaus, kvit, bleik gul, bleik brun, svakt rosa, lilla-rose
Krystallform Vanlegvis massive, sjeldan som rhombohedron eller heksagonal prisme
Krystallsystem Trigonal - Heksagonal scalenohedral H-M-symbol 32/m Romgruppe: R3c
Kløyv [1011] perfekt
Brot Muslig
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 3.5 - 4.5
Glans glasaktig
Strekfarge kvit
Transparens Gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt 3.0 - 3.2
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Einaksa (-)
Brytingsindeks nω=1.508 - 1.510 nε=1.700
Dobbeltbryting 0.191
Smeltbarheit usmeltbar
Oppløyselegheit Bobler i varm saltsyre
Andre eigenskapar Kan syne bleik grøn til lyseblå fluorescens and fosforescens under UV; triboluminescent
Kjelder [1][2][3][4]

Magnesitt er eit mineral som består av magnesiumkarbonat, MgCO3, tilhøyrar kalsittgruppa (isomorfi). Fargen er kvit, grå, gul til brunleg. Det liknar kalsitt, men brusar ikkje for kald, fortynnt saltsyre. Magnesitt dannar blandkrystall med sideritt. Mineralet finst ofte saman med serpentin og kleberstein. Ved sterk oppvarming (kalsinering) dannast MgO, som blir brukt som eldfast material, til dømes til fôringar i smelteomnar.

Tidlegare var det drift på fleire førekomstar i området SnarumModum.

Det har namn etter magnesium og -itt, og vart tidlegare òg kalla talkspat eller bitterspat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/magnesite.pdf Handbook of Mineralogi
  2. http://www.mindat.org/min-2482.html Mindat.org
  3. http://webmineral.com/data/Magnesite.shtml Webmineral data
  4. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Jr., Manual of Mineralogi, Wiley, 20th ed., p. 332 ISBN 0-471-80580-7