Elling Rønes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elling Rønes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juli 1882
Trysil
Død

12. september 1965

Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Elling Rønes (28. juli 188212. september 1965) var ein norsk langrennsløpar og gardbrukar frå Trysil, som i tida 1906-16 vann femmila i Holmenkollen fire gongar. I 1911 vann han sitt einaste NM-gull på ski. Han var etter tur medlem av idrettslaga Trysil Turn & IF (Trysilgutten) og Nordre Trysil Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rønes vann 50 km i Holmenkollen i 1906, 1907 (40 km), 1908 og i 1916. Berre Thorleif Haug med sine seks sigrar og Lauritz Bergendahl har fleire, men ingen annan har vunne med ti år mellom første og siste siger. Rønes kom elles to gongar på andreplassen, i 1914 og 1917, og deltok på si siste femmil i Holmenkollen i 1934, 52 år gammal.

Rønes vart norsk meister i 30 km langrenn i 1911.

I 1947 vart Rønes tildelt Holmenkollmedaljen for sine bragder i Holmenkollen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]